
Hvor kommer vinden fra
Kald luft er tyngre enn varm luft. Den kalde lufta legg seg derfor nærmast bakken, eller dei lågaste stadene i terrenget. Samtidig strøymer ny luft til der den kalde lufta flytte seg frå. Dette merkar vi som vind, og det er særleg om vinteren vind oppstår på denne måten.
Ein annan grunn til at vi får vind, er oppvarming frå sola. Tenk deg ein herleg, varm sommardag med skinande sol. Utover dagen varmar sola meir og meir, og bakken blir òg stadig varmare. Lufta lengst nede mot bakken blir veldig varm, og begynner å stige. Lufta stig fordi ho blir lettare dess varmare ho blir. Derfor blir også lufttrykket lågare. Det området lufta stig frå, blir fylt med anna luft. Lufta er igjen i rørsle, og vi har vind. Denne vinden, som sola står bak, er danna av trykkraft.
I Noreg er det mykje vind langs heile kysten av Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Mest vind er det ved Fruholmen fyr på Finnmarkskysten. Her er det liten kuling eller meir vind heile 257 dagar i året.
Vurderinger
Logg inn eller registrer deg for å vurdere.







